Vil du bli med oss på Fjordaspikk 2026 - 28.-30. august?
Helga blir full av bål, mediterande øksing og skjeispikking, lun prat, tull & tøys, litt soving - rett og slett ein miks av djup konsentrasjon og livsglede - ein g l a d v i b e 💚
Her blir det eit par demoar og workshops, og så lærer me mest og best av kvarandre.
Økse- og knivfolk er alltid dei BESTE folka!
Spooncarving Weekend Bergen ville hatt sin 8. samling dette året, nå får me æren av å videreføre denne helga, og forsøke å gjenskape atmosfæren.
Det er store sko å fylle!
Me samarbeider med, og får låne Leirong Kystlag sine lokaler i ein gammal skule; og kan love at det blir både heimkunnskap og o-fag på timeplanen.
Forkunnskaper: me ønsker at du har tatt i ei øks og kniv før, og at du tar med eige verktøy.
Alder: frå 16 år.
Overnatting: enkel overnatting i klasserom, i telt eller hengekøye rundt skulen. Du tar med det du treng til dette.
Mat: me stiller med enkle måltider, og lokal mat der me kan.
HMS: Me har kjøpt store mengder plaster!
I tillegg har me tilgang på både psykolog, sjukepleiar og protesemakar.
Så dette kan fort gå bra.
Kor: Nedstrand i Tysvær kommune. 50 minuttars kjøring frå Haugesund, to timars kjøring eller ein dryg hurtigbåttime frå Stavanger. 3,5 timar kjøring frå Bergen. Helganes flyplass på Karmøy er nærmaste flyplass.
Pris: 1200 kr/800 kr
Påmeldinga åpnar mandag 6. juli kl 20 - ver rask, det er begrensa med plasser 💚